Arne Vigestad

Gjennom kontakt med retreatrørsla og gjennom mitt arbeid i sjelesorg har eg søkt etter korleis vi kan ta i bruk vår kristne tradisjon for å finne fram til det som skapar meining og samanheng, å bli ei sann utgåve av meg sjølv. Eg har funne at den ignatianske åndelege vegleiinga gir slik hjelp. Det vil eg gjerne dele med andre

Åndeleg vegleiing/ Åndelig veiledning i Møre

 

Vil du vite meir, kan du ta kontakt direkte:

avigestad.@gmail.com

tlf 99329558

Velkomen

Gud er nær. Ver lydhør

 

 

I åndeleg vegleiing prøver vegleiaren å sjå på dine erfaringar med Gud, i bøn og

i ditt daglege liv, saman med deg.

Målet er å bli meir vár for korleis Den Heilage Ande rører og leiar deg,

slik at du kan finne din veg med Gud

 

 

Min bakgrunn for å gi åndeleg vegleiing er to kurs i regi av Den norske kirkes presteforening, i ignatiansk vegleiingstradisjon. Der har eg lært ein måte å møte menneskelege livs- og truserfaringar slik at dei kan henge saman, og gi grunnlag for å leve i ein gudsrelasjon som hjelper til å bli den du er skapt til å vere.

 

Eg har vore sjelesørgar det meste av mi aktive tid som prest. Først på sjukehus, og dei siste åra i fengsel. I den ignatianske vegleiingstradisjonen finn eg ei utdjuping av mine erfaringar i å møte menneske i ulike livskriser. Åndeleg vegleiing oppmuntrar til å opne for Guds nærvere. Det hjelper til å sjå kva som er livgivande og kva som ikkje er det.

 

Det ser for meg ut som at menneske i dag leitar etter etter meining, ein samanheng i livet. Mange søker i austlege tradisjonar, som yoga og mindfullness. Det kan hjelpe til å minske stress og gjere merksam på det som er no. Gjennom dei åndelege øvingane frå Ignatius arbeider ein med å bli var sine sinnsstemningar og bli sjå kva som er frigjer og kva som bind. Til skilnad frå dei buddhistisk inspirerte tradisjonane er øvingane her retta mot vår relasjon til Gud. Målet er å ha han som medvandrar i livet slik det er for deg.

 

I tillegg til utdanning som åndeleg vegleiar har eg også utdanning

som arbeidsvegleiar, og praktiserer dette med oppdrag for Møre bispedøme.

Eg er godkjend som spesialist i praktisk presteteneste innan helse- og sosialsektor.

 

I løpet av dei to åra har eg også gått gjennom 30-dagars ignatiansk retreat ved St.Beunos retratsenter i Wales